Spenstig turprogram

Årdal og Utladalen gjev deg naturopplevingar i verdsklasse og med absolutt "sjølvi-garanti". Sjå HER for oversikt over våre turar med turleiar. Hugs å ta del i fotokonkurransen på instagram med emneknaggen #nasjonalparkfestivalen. Gjeve premiar for den mest kreative utsynspunkt-sjølvien + premiering til dei som gjennomfører minst 4 av turane våre i samband med festivalen. Me organiserer ein fast avgang for dei som vil gå med turleiar kvar dag under festivalen, men du står sjølvsagt fritt til å gjennomføra turane heilt på eiga hand. Kom deg ut!

 

TORSDAG 29. JUNI:

 Foto: Rigmor Solem

Foto: Rigmor Solem

Hjelle - Bråtet utsynspunkt - Heimre Hjelledalen. Turen startar kl 17 frå parkeringsplassen ved Hjellefossen. Turleiar: Brita Hunderi Hetle og Terje Hetle.

 

FREDAG 30. JUNI:

Introduksjonskurs i havpadling. 3-4 timar. Kvalifiserer til våttkort. Pris: 900 kr per person. Oppmøte ved Årdalsvatnet i Øvre Årdal kl 1100.

Arrangør: Bulder & Brak Opplevingar

Meld deg på til epost post@bulderogbrak.no eller tlf 975 22 139  innan 29. juni kl 12. 

 

LAURDAG 1. JULI:

1) Tronteigen - Bergastøl utsynspunkt - Gravdalen - Avdalen Gard - Utladalen Naturhus. Turen startar kl 08 frå Svalheim Gard. 

2) Utladalen Naturhus - Avdalsskåri utsynspunkt - Avdalen Gard - Utladalen Naturhus. Turen startar kl 09 frå Utladalen Naturhus. 

3) Berdalsbandet ved bommen på Tindevegen - Vestre Austanbotntind (2100 moh) utsynspunkt - Berdalsbandet. Turen startar kl 09 frå bommen på Tindevegen. 

4) Utladalen Naturhus - Avdalen Gard. Turen er for dei som skal gå til Stølsmaradalen på søndag, og som vil overnatta i Avdalen. Turen startar kl 21 frå Utladalen Naturhus. Turleiar: Rigmor Solem

 

SØNDAG 2. JULI:

1) Hjelle - Vetti Gard - Vettisfossen utsynspunkt - Vettismorki. Turen startar kl 10 frå parkeringsplassen ved Hjellefossen. 

2) Hjelle - Vetti Gard - Vettisfossen utsynspunkt (nedanfrå) - Vetti Gard. Turen startar kl 10 frå parkeringsplassen ved Hjellefossen. 

3) Avdalen Gard - Stølsmaradalen - Brendeteigen utsynspunkt - Vetti Gard. Turen startar kl 08 frå Avdalen Gard. Me legg opp til at folk kan gå opp i Avdalen kvelden før for å overnatta, men du kan også møta direkte på Avdalen Gard på morgonen. Me passar på å disponera tida slik at me rekk markeringa av Folkevegen som er 40 år kl 14 på Vetti Gard. Rømmegraut og spekemat ventar deg på Vetti Gard ved ankomst. Turleiar: Rigmor Solem

4) Quiz/rebus for heile familien langs Folkevegen. Turen startar kl 10 frå parkeringsplassen ved Hjellefossen. Arrangør: Barnas Turlag/Utladalen Naturhus