Billett

Til kvart arrangement sel me billettar i døra så langt det rekk, men eit stalltips er å kjøpa gjennom Vipps på førehand - for då får du finfine rabattar! Last ned appen Vipps på telefonen din, søk opp Nasjonalparkfestivalen eller kode 110905, velg meny og kjøp den billetten du vil ha.
Billett til førsalspris får du også kjøpt på Veeskiosken og på Klingenberg Hotell.
Kjøp av billettar eller festivalpass løner seg, og kjøper du festivalpass får du vera med på alt for ca halv pris! Det er altså ingenting å lura på...
Ved kjøp av billettar ved inngang, kjem eit tillegg på kr 50,-.