Dette skjer på Camp Svalheim

Camp Svalheim ligg ved inngangen til Utladalen og er åstad for konsertar, leik og moro og før- og etterspel under Nasjonalparkfestivalen. Her kan du også tinga overnatting om du ønskjer det. 

 

Opning torsdag 29. juni

Me opnar festivalen med eit skikkeleg stjerneskot på programmet på Camp Svalheim!  

 

På programmet: 

Kl 2000:             Førspel på Camp Svalheim med grilling og sosialt samver. Multikunstnaren og einmannsbandet Mr Orkester byr på seg sjølv.

Kl 2100 - :         Konsert med Knut Anders Sørum. Sjå meir info her

 

festkveld fredag 30. juni

Denne kvelden er det Svalheim Gard som har regien på, og heilt i eigar Kristoffer Nystedt sin ånd blir det liv og leven, latter og leik! Dette vil du ikkje gå glipp av!

 

På programmet:

Kl 1830 -           :           Førspel med mat og drikke på Svalheim Gard

Kl 1900 - 2000:          Føredrag i vognhuset på Svalheim Gard om padleekspedisjon på Grønland med Kyrre Flotve og Camilla Ianke frå Northern Exposure.

                                        Sjå meir info her.

Kl 2000 - 2130:          Hypnoseshow med Torgrim Holte. Sjå meir info her.

Kl 2130 -            :          Mr Orkester varmar oss opp for Kjell Elvis.

Kl 2200 - 0000:          Rock `n`Roll med Kjell Elvis. Sjå meir info her.