Folkevegen 40 år

Nasjonalparkfestivalen vil i år setja fokus på at turvegen "Folkevegen" er 40 år med ei folkemønstring innover Utladalen. Folkevegen frå Hjelle til Vetti Gard blir gjerne omtala som Noregs største dugnadsprosjekt, og omlag 1500 årdøler bidrog med 50.000 dugnadstimar i løpet av dei 5 åra det imponerande vegprosjektet blei arbeidd med. Den 4.8 km lange vegen, i vill, vakker og særs utfordrande natur, opna 19. juni 1977.

Søndag 2. juli vil Nasjonalparkfestivalen ha 40-års jubileet som tema, med aktivitetar og kulturinnslag langs vegen og på Vetti Gard.

 

På programmet:

Kl 0930 - 1000:           "Så gjør vi det likegodt selv".  Framsyning av NRK-filmen frå 1974 om det imponerande dugnadsprosjektet for folkevegen.
                                         Stad: Utladalen Naturhuset.

KL 1000 -1400:           Quiz/rebus for heile familien langs Folkevegen til Utladalen Naturhus til Vetti Gard. Arrangør: Barnas Turlag/Utladalen Naturhus

Kl 1200 -          :            Rømmegraut og spekemat blir servert på Vetti Gard

Kl 1400 - 1430:           Familiekonsert på Vetti Gard med Morgonfrosken. Annlaug Børsheim, song og gitar, Mari Skeie Ljones, fele, Ingemund Askeland,                                                              klarinett. For meir informasjon, sjå her

Kl 1430 - 1500:          Markering av 40-årsjubileet. Talar. 

Kl 1500 - 1515:          Utdeling av Slingsbyprisen 2017.

Kl 1515 - 1545:          Føredrag ved Knut Lykken. Knut Lykken er oldebarn etter den kjende fjellmannen Knut Lykken som var med Slingsby og Mohn i juli 1876                                             under klivinga opp mot fleire tindar i Vest-Jotunheimen - mellom anna Store Skagastølstind. Dagens Knut Lykken er busett i Sverige, og gav                                         for nokre år sidan ut boka "Turglede med konger og kunstnere". Lykken fortel mellom anna om ein unge fødd  i Avdalen midt på 1800 talet,                                           som visstnok var  ein direkte etterkomar etter svenskekongen -  som hadde eit kort opphald i Fortun på ei reise over Sognefjellet. 

Kl 1545 -          :          Konsert med folketonar ved Annlaug Børsheim, song og gitar og Mari Skeie Ljones, fele. Mari                                                Skeie Ljones (fele, hardingfele, song) og Annlaug Børsheim (fele, hardingfele, song og gitar) er                                                  begge folkemusikarar med røter i tradisjonsmusikken frå Gubrandsdalen og                                                                                      Hardanger. Dei er solide tradisjonsutøvarar og på denne konserten vil du få høyre deira favoritt                                                slåttar og songar, både i samspel og solo. 

 

På turprogrammet: 

1) Hjelle - Vetti Gard - Vettisfossen utsynspunkt - Vettismorki. Turen startar kl 10 frå parkeringsplassen ved Hjellefossen. 

2) Hjelle - Vetti Gard - Vettisfossen utsynspunkt (nedanfrå) - Vetti Gard. Turen startar kl 10 frå parkeringsplassen ved Hjellefossen. 

3) Avdalen Gard - Stølsmaradalen - Brendeteigen utsynspunkt - Vetti Gard. Turen startar kl 08 frå Avdalen Gard. Me legg opp til at folk kan gå opp i Avdalen kvelden før for å overnatta, men du kan også møta direkte på Avdalen Gard på morgonen. Me passar på å disponera tida slik at me rekk markeringa av Folkevegen som er 40 år kl 14 på Vetti Gard. Rømmegraut og spekemat ventar deg på Vetti Gard ved ankomst. Turleiar: Rigmor Solem

4) Quiz/rebus for heile familien langs Folkevegen. Turen startar kl 10 frå parkeringsplassen ved Hjellefossen. Arrangør: Barnas Turlag/Utladalen Naturhus