Nyttig informasjon

Sporlaus festival

Nasjonalparkfestivalen "Under Storen" har ei målsetjing om å vera så sporlaus som råd er - og oppfordrar sjølvsagt alle våre festivaldeltakarar om å ta del i denne målsetjinga. Me set stor pris på om alle som tek del i festivalen - anten det er som turdeltakar eller som publikum på dei ulike lokasjonane våre - ryddar opp etter seg sjølv og andre og ikkje etterlet seg søppel eller andre ting i naturen.

 

Sykkel til folket

Me vil i tillegg oppfordra alle om å bruka sykkel for å koma seg til Camp Svalheim eller under Skåri - og dersom du passar på å registrera deg med namn og nummer som syklande hjå ein av våre frivillige undervegs i festivalen - så blir du automatisk med i trekkinga av ein flunk ny sykkel frå Sportshuset i Årdal og eit padlekurs frå Bulder & Brak Opplevingar.  

 

Transport

Informasjon om busstransport i samband med enkeltarrangement vil bli oppdatert fortløpande. Ved arrangement under Skåri, vil me oppfordra køyrande om å setja att bilen på parkeringa nede ved Hjellefossen. 

reisa hit

Årdal ligg sånn ca midt mellom Oslo og Bergen, og det er enkelt å koma seg hit med både bil og offentleg transport. Med bil tek det ca 3,5 time frå Bergen til Årdal, og 4,5 time frå Oslo til Årdal. For dei som har moglegheit til å køyra via Tindevegen mellom Turtagrø i Luster og Årdal. vil me absolutt anbefala dette. Tindevegen er ei oppleving i seg sjølv.

Buss:

Båt:

Fly:

  • Næraste flyplass er Sogndal Lufthamn Haukåsen, med direktefly frå Bergen og Oslo (Widerøe)

 

Overnatting

Sjå ulike alternativ for overnatting HER.