Back to All Events

Guida tur til Avdalen for overnatting

 FOTO: Ole Magnar Nundal

FOTO: Ole Magnar Nundal

Har du planar om å bli med på den guida turen til Stølsmaradalen 2. juli? I så fall kan du slå følgje med guiden vår frå Utladalen Naturhus under Skåri alt på kvelden laurdag 1. juli, og gå opp til Avdalen Gard for å overnatta. Etter deilig frukost på Avdalen Gard dagen etter går turen vidare til Stølsmaradalen for lunsj. Ferda går så vidare via Brendeteigen ned til Vetti Gard - der vertskapen vil stå klar med rømmegrauten. Deretter kan ein ta lystig del i markeringa av Folkevegen sitt 40-års jubileum utover ettermiddagen. Retur på Folkevegen til Hjelle og Øvre Årdal når ein sjølv vil.

Tur: Utladalen Naturhus - Avdalen Gard - Stølsmaradalen - Brendeteigen - Vetti Gard - Utladalen Naturhus.

Tid: 6-8 timar t/r

Høgdeskilnad: 75-825 MOH

Påmelding til turleiar Rigmor Solem på tlf +47 959 65 158 eller post@bulderogbrak.no

Oppmøte HER.

 

Earlier Event: July 1
Dumpster Divas spelar under Skåri
Later Event: July 2
Guida tur til Stølsmaradalen