Back to All Events

Dumpster Divas spelar under Skåri

"Dumpster Divas er ein duo beståande av to halvgalne damer som elskar verda!  Helle og Trine møttest for fyrste gong hausten 2015, og etter dette har dei spelt i lag. Dei har begge busett seg på Voss for å komme nærare naturen, og har mange songar både om og for naturen. Når dei ikkje speler i lag jobbar Helle som lærar og Trine som sjukepleiar.

Det meste av musikken dei speler er eigenkomponert, og har eit preg av ynskje om å gjere verda til ein betre plass. Dei lånar òg nokre låter av menneske dei ser opp til.
Sjangeren dei speler kan seiast å kome innunder båe americana, folk og singer/songwriter-stilen.
 
Sjølv om dei ikkje har spelt i lag lenge, har dei allereie spelt på ei rekke arrangement som til dømes Raftopriskonferansen 2016, Fryktlausfestivalen i Arendal og Myrkleik fjellfestival. Dei har og halde fleire konsertar mellom anna på Café Opera/Bergen, Tre Brør på Voss og  Apollon/Bergen.
 
Denne sommaren spelar dei på ei rekke festivalar på vestlandet og er snart klar med EP-utgjeving! Og du kan få oppleva denne energiske duoen spreia det glade bodskap om livsglede ved Naturhuset under Skåri. Me fyrer bål og syter for at de kan få noko godt å eta og drikka.
 
For å høyre meir av lyden til bandet kan du besøke nettsida www.dumpsterdivas.no, eller følge dei på Facebook!»

Billett kjøper du via Vipps. Søk opp Nasjonalparkfestivalen eller #110905. Velg meny og kjøp billett. 

Earlier Event: July 1
Tvekamp under Skåri