Back to All Events

Folketonar på Vetti Gard

Som ein del av markeringa av at Folkevegen er 40 år, så inviterer me i samarbeid med Årdal kommune til konsert med folketonar ved Annlaug Børsheim og Mari Skeie Ljones. 

Mari Skeie Ljones (fele, hardingfele, song) og Annlaug Børsheim (fele, hardingfele, song og gitar) er begge folkemusikarar med røter i tradisjonsmusikken frå Gubrandsdalen og Hardanger. Dei er solide tradisjonsutøvarar og på denne konserten vil du få høyre deira favoritt slåttar og songar, både i samspel og solo.