Back to All Events

Folkevegen 40 år - markering og folkemønstring!

 Annlaug Børsheim og Mari Skeie Ljones byr oss på folketonar på Vetti Gard. PRESSEFOTO.

Annlaug Børsheim og Mari Skeie Ljones byr oss på folketonar på Vetti Gard. PRESSEFOTO.

PÅ PROGRAMMET:

Kl 1000 - 1400: Quiz/rebus for heile familien langs Folkevegen frå Utladalen Naturhus til Vetti Gard. Arrangør: Barnas Turlag/Utladalen Naturhus

Kl 1200 -          : Rømmegraut og spekemat blir servert på Vetti Gard

Kl 1400 - 1430: Familiekonsert på Vetti Gard med Morgonfrosken. Annlaug Børsheim, song og gitar, Mari Skeie Ljones, fele, Ingemund Askeland, klarinett. For meir informasjon, sjå her

Kl 1430 - 1500: Markering av 40-årsjubileet. Talar.

Kl 1500 - 1515: Slingsbyprisen 2017 blir delt ut.

Kl 1515 - 1545: Føredrag ved Knut Lykken. Knut Lykken er oldebarn etter den kjende fjellmannen Knut Lykken som var med Slingsby og Mohn i juli 1876 under klivinga opp mot fleire tindar i Vest-Jotunheimen - mellom anna Store Skagastølstind. Dagens Knut Lykken er busett i Sverige, og gav for nokre år sidan ut boka "Turglede med konger og kunstnere". Lykken fortel mellom anna om ein unge fødd  i Avdalen midt på 1800 talet, som visstnok var  ein direkte etterkomar etter svenskekongen -  som hadde eit kort opphald i Fortun på ei reise over Sognefjellet. 

Kl 1545 -          : Konsert med folketonar ved Annlaug Børsheim, song og gitar og Mari Skeie Ljones, fele. Mari Skeie Ljones (fele, hardingfele, song) og Annlaug Børsheim (fele, hardingfele, song og gitar) er begge folkemusikarar med røter i tradisjonsmusikken frå Gubrandsdalen og Hardanger. Dei er solide tradisjonsutøvarar og på denne konserten vil du få høyre deira favorittslåttar og songar, både i samspel og solo. 

PÅ TURPROGRAMMET: 

1) Hjelle - Vetti Gard - Vettisfossen utsynspunkt - Vettismorki. Turen startar kl 10 frå parkeringsplassen ved Hjellefossen.

2) Hjelle - Vetti Gard - Vettisfossen utsynspunkt (nedanfrå) - Vetti Gard. Turen startar kl 10 frå parkeringsplassen ved Hjellefossen. 

3) Avdalen Gard - Stølsmaradalen - Brendeteigen utsynspunkt - Vetti Gard. Turen startar kl 08 frå Avdalen Gard. Me legg opp til at folk kan gå opp i Avdalen kvelden før for å overnatta, men du kan også møta direkte på Avdalen Gard på morgonen. Me passar på å disponera tida slik at me rekk markeringa av Folkevegen som er 40 år kl 14 på Vetti Gard. Rømmegraut og spekemat ventar deg på Vetti Gard ved ankomst. Turleiar: Rigmor Solem

4) Quiz/rebus for heile familien langs Folkevegen. Turen startar kl 10 frå parkeringsplassen ved Hjellefossen. Arrangør: Barnas Turlag/Utladalen Naturhus

 FOTO: Mads Heggø

FOTO: Mads Heggø

Earlier Event: July 2
Guida tur til Vettisfossen