Back to All Events

Dramatikk, erotikk, romantikk og turglede under Storen

I samband med at Folkevegen er 40 år framfører Knut Lykken føredraget "Dramatikk, erotikk, romantikk og turglede under Storen gjennom 200 år" på Vetti gard.

Knut Lykken er oldebarn etter den kjende fjellmannen Knut Lykken som var med Slingsby og Mohn i juli 1876 under klivinga opp mot fleire tindar i Vest-Jotunheimen - mellom anna Store Skagastølstind. Dagens Knut Lykken er busett i Sverige, og gav for nokre år sidan ut boka "Turglede med konger og kunstnere". Lykken fortel mellom anna om ein unge fødd  i Avdalen midt på 1800 talet, som visstnok var  ein direkte etterkomar etter svenskekongen -  som hadde eit kort opphald i Fortun på ei reise over Sognefjellet. 

Earlier Event: July 2
Slingsbyprisen 2017
Later Event: July 2
Folketonar på Vetti Gard