Back to All Events

Quiz for små og store langs Folkevegen

Barnas Turlag og Utladalen Naturhus stiller med morosame og finuerlege oppgåver å løysa for både store og små på vandringa inn til Vetti Gard. Tema for dagen er at Folkevegen er 40 år og me vonar det blir ei folkevandring innover dalen denne dagen. Flotte premiar blir annonsert i etterkant! 

På Vetti Gard er det open kafè der mellom anna rømmegraut og spekemat står på menyen.

Familiekonserten "Morgonfrosken" startar kl 14.00 på Vetti Gard.

Markering av Folkevegen 40 år startar kl 15.00, med musikkinnslag og talar.