Back to All Events

Slingsbyprisen 2017

Slingsbystiftinga deler ut Slingsbyprisen på Vetti Gard i førekant av føredraget med Knut Lykken på Vetti Gard.

Slingsbyprisen har namnet sitt etter fjellpioneren William Cecil Slingsby. Prisen kan gå til ein eller fleire personar, ein organisasjon eller eit lag, og har ein verdi på kr 3000,-Mottakarane skal vera 21 år eller yngre. Eit vilkår er at dei aktuelle kandidatane må ha adresse i Årdal eller nabokommunane.

Prisen sitt føremål er stimulera til kunnskap og interesse for norsk natur, fjellvandring og gode mellommenneskelege relasjonar. Aktuelle kandidatar kan ha utmerka seg innan eitt eller fleire av desse områda gjennom aktiv handling, i skriftleg materiale, fotografi, film eller andre kunstnarlege innslag.

Blant dei som har fått prisen tidlegare finn me:

  • Barnas Turlag, Årdal
  • Jan Schwarzott
  • ÅTIL-damene Kristin Seim, Lisbeth Halvoresen og Kari Lysne som fekk prisen for innsasten dei la ned for barneidretten i ÅTIL
  • Stellegjengen ved ridesenteret i Seimsdalen, som gjennom fleire år har lagt seg i selen for at born og unge med psykisk og fysisk funksjonshemming skal ha eit godt ridetilbod
  • Mikael Eide
  • Dei unge domarane Hilde Kauppi Straumsheim og Andreas Bjørkum Øvstetun, som på prisutdelingstidspunktet hadde gjennomført heile fem sesongar med svart drakt og fløyte sidan dei så smått tok til å dømma i 2006, og har heilt klart inspirert andre til å gå same veg
  • Målrock for arrangementa under Skåri

Me sel rømmegraut og spekemat og fyrer opp grillen på Vetti Gard.