Back to All Events

Urpremiere: Ferd frå fjord til fjell

Filmskaparen Espen Stensvoll har ei spesiell kjærleik til naturen kring Årdal - og i samarbeid med musikar Karl Seglem har han no produsert ein naturfilm med utgangspunkt i dronebilete frå Utladalen, Vettisfossen, Sognefjorden og områda rundt.

Karl Seglem kjem til å bruka delar av filmen som del av sine konsertar med WorldJazz Band hausten 2018, og musikken i filmen har Stensvoll plukka frå heile musikkproduksjonen til Seglem - med eit strekk på nesten 30 år. Seglem kjem også med ny plate hausten 2018. 

Framsyninga finn stad på Svalheim gard i samband med midtsommarfesten fredag kl 21.

Earlier Event: June 22
Introkurs havpadling
Later Event: June 22
Midtsomarfest på Svalheim Gard