Laurdag

Filtering by: Laurdag
Grauttur via Åsetvatnet
Jun
22
9:00 AM09:00

Grauttur via Åsetvatnet

Den første av årets to grautturar går frå Skihytta i Fardalen via Åsetvatnet og Gravdalen til Avdalen Gard. Ein tur som byr på det meste av variert terreng og utsyn!

Rute: Skihytta i Fardalen-Åsete-Åsetvatnet-Gravdalen-Avdal Gard

Oppmøte og transport frå parkeringsplassen på Hjelle kl 09.00.

Påmelding/spørsmål: Årdal Turlag v/ Mats, mob. 905 08 395 

FOTO: Bulder & Brak Opplevingar

View Event →
Grauttur via Botnanosi
Jun
22
9:00 AM09:00

Grauttur via Botnanosi

Den andre av årets to grautturar går frå Haug i Fardalen via Botnanosi til Avdalen Gard. Ein fantastisk tur i dramatisk natur, som gir full utteljing med omsyn til oppleving!

Rute: Haug-Botnen-Botnanosi-Gravdalen-Avdal Gard

Oppmøte og transport frå parkeringsplassen på Hjelle kl 09.00.

Påmelding/spørsmål: Årdal Turlag v/ Mats, mob. 905 08 395 

FOTO: Rigmor Øygarden

View Event →
Aktivitetsdag på Hagaberg
Jun
22
1:00 PM13:00

Aktivitetsdag på Hagaberg

Årdal Klatreklubb, Barnas Turlag og Årdal Folkehjelp inviterer til aktivitetsdag på Hagaberg.

Aktivitetar:

  • Natursti / quiz - frå Skåri til Hagaberg

  • Rappellering - for både små og store

  • Fjellredningsinformasjon ved Årdal Folkehjelp 

  • Grilling av smått og noko litt større

  • Trubadur Bent lagar god stemning

Foto: Årdal klatreklubb

View Event →
Fjøsblues på Avdal Gard
Jun
22
to Jun 23

Fjøsblues på Avdal Gard

Det blir aktivitet og god stemning i tun og fjøs på Avdal Gard frå tidleg ettermiddag denne dagen.

Program:

  • Trubadur Bent

  • Tradisjonell Quiz

  • Deltakarane på grautturane samlast på Avdal Gard

  • Og den årvisse gode fjøsblues med Årdal Blueslag

    Billettsal ved inngang; kr. 250,-


… og for dei som ikkje har reservert overnatting eller har med seg teltet:
Festivalbuss frå Årdalstangen 18:15 - retur Hjelle kl. 02:00

FOTO: Lasse H. Aannevik

View Event →