Våre aktivitetar

Nasjonalparkfestivalen "Under Storen" er ein festival for deg som trivst best ute der elvar og fossar renn fritt og tindane kneisar opp frå frodige fjelldalar. Her kan du møte nye og gamle vener på dei guide turane våre, eller du kan finna vegen inn i den fantastiske naturen vår heilt på eiga hand. Pass på at du deltek i sjølvi-konkurransen vår, ved å knipsa kreative bilete av deg sjølv på turane me har valt ut og dela dei på instagram med emneknaggen #nasjonalparkfestivalen. Orienter deg også om dei andre aktivitetane våre denne helga - det er mykje som skjer! 

Turane:

For spørsmål/interesse: kontakt Årdal Turlag v Mats: mobil 905 08 395 eller e-post aardal.turlag@dnt.no
(Sjå meir detaljar lenger nede) Me ynskjer melding frå alle som skal delta.
Billett på turane får du kjøpt på Vipps - kode 106661 (eller søk opp Nasjonalparkfestivalen). Der finn du det under vår meny.
Me håpar du nyttar deg av Vipps, MEN du kan og betale ved oppmøte.

 

Fredag 21. juni:

Introduksjonskurs i Kajakk/havpadling. ca 3 timar. Kvalifiserer til våttkort. Pris: 1000 kr per person.
Oppmøte ved Årdalsvatnet i Øvre Årdal kl 0900.

Arrangør: Bulder & Brak Opplevingar

PÅMELDING: e-post post@bulderogbrak.no eller tlf 975 22 139  innan 20. juni kl 12.


Fuglane i Utladalen og Jotunheimen
Foredrag i Utladalen Naturhus  (tidspunkt kjem) ved Ornitolog Geir Høitomt
Hovudfokus på rovfuglane.

Laurdag 22. juNi:

2 guida “grautturar” med Årdal Turlag
Deltakaravgift på turane: Kr 250,- inkl. transport frå p.plass Hjelle og rømmegraut på Avdal Gard

Spørsmål, påmelding og billett info til alle turar:
Årdal Turlag v Mats Lindborg (mob 905 08 395), Rigmor Solem (mob 959 65 158), Inga Jane Vie Karlsen (mob 916 85 926) 
Betaling på Vipps (nummer 106661-, velg frå meny)

1) Kl 09:00 Botnanosi
Frå Haug til Botnen, Botnanosi, Gravdalen og Avdal Gard
Oppmøte: Hjelle parkering. Meld til Guide Rigmor (959 65 158)

2) Kl 10:30 Åsetvatnet-Gravdalen
Frå skisenteret i Fardalen til Åsete, Åsetvatnet, Gravdalen og Avdal Gard
Oppmøte: Hjelle parkering. Meld til Guide Inga Jane (916 85 926)

Transport går frå P-plass Hjellefossen TIL turane.  Kontakt oss om du ynskjer påstiging på torget, Øvre Årdal, men merk at det er praktisk å ha bil ved startpunkt.